BABF/Pamflett presenterer: The Museum of Longing and Failure


Festivalen i festivalen i festivalen (Norsk Litteraturfestival - Kunstbokmessen B*stard - Bergen Art Book Fair) presenterer Chloe Lewis og Andrew Taggart og deira kunstplattform The Museum of Longing and Failure.


Pamflett er eit senter for kunstnarbøker i Bergen som blant anna står bak den årlege kunstbokmessa Bergen Art Book Fair. Kvart år inviterer Pamflett kunstnarar til eit opphald på to veker i sjølvpubliseringsverkstaden. Der lærer dei å trykke med stensiltrykkemaskina Riso, og dei trykker og binder ei ny original kunstnerbok i 100 eksemplar. Serien med kunstnerbøker som vert produsert i dette programmet vert kalla Pamflett Publications, og til sammen har programmet resultert i 13 publikasjonar.


I mai har kunstnerene Chloe Lewis og Andrew Taggart jobba i verkstaden og laga publikasjonen «MOLAF Circumflexions». Kunstnarane driv Museum of Longing and Failure (MOLAF), eit initiativ der dei lagar utstillingar, gjenstander, og publikasjoner sentrert rundt MOLAF si eiga kunstsamling.


I denne videoen fra Pamflett vil Chloe og Andrew fortelje om konseptet og prosessen bak publikasjonen «MOLAF Circumflexions», som vil vere å finne på kunstbokmessa B*stard.


https://pamflett.no

https://www.molaf.org




;